Solid innsats av AKS gutta under Lerøy-leikane


I helga har Phillip Morken, Eivind Langøy og Johannes Hopland vore i aksjon i Lerøy-leikane på Osterøy for 13 og 14 åringar. I kretskampen mellom Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane og Agderfylka gjekk Hordaland nok ein gong sigrande ut.

Gutane leverte ein solid innsats gjennom helga. Eivind deltok i lengde, 600m og på 1500m Det vart pers i alle øvingane, på 1500m persa han med 23 sekund!

 

Johannes hadde eit tett løpsprogram denne helga, og var tatt ut på 60m, 200m, 600m og 1500m i tillegg til stafett. På 600m kniva han om dei gjevaste plassane, og fekk til slutt 3.plass. 1500m sundag vart heller tung, men 15 min etterpå sprang han ein flott 2.etappe på 8×200 m mix stafetten, og var med og sikra gullet til Hordaland.

 

I 14 årsklassen sprang Phillip inn til 3. plass på 600 m laurdag. Sundag la han seg i tet frå start på 1500m og kapra 1. plassen  11 hundredelar foran nestemann.  Dei siste 10 åra har Osterøy idrettslag arrangert Lerøyleikane for vestlandsregionen. Frå neste år tar Rogaland over stafettpinnen og kretskampen skal då arrangerast i Haugesund.